Kjpt

ISBN: 9788230401217
Status: I salg
Utgivelsesår: 2015
Innbinding: heftet
  


Den store utferda

Utvandring frå Skjold og Vats til Amerika 1837–1914

Enkeltmenneska som utvandra til Amerika gjorde det i ein kulturell samanheng. Det var ikkje berre flukta frå fattigdom som gjorde at folk vandra ut. På 1830-talet var det ikkje religionsfridom i Noreg, og dei som stod utanfor statskyrkja, kunne ikkje praktisera trua si fritt. I Amerika var det annleis. Etter pionerutvandringa, som hadde sterke religiøse motiv, blei det sendt mengder av «amerikabrev» heim til gamlelandet. Mange skjolda- og vatsbuarar hadde etter kvart slektningar «over there» som dei lengta etter å få sjå igjen. Det var mange som «drog etter».

Denne boka legg an eit mikrohistorisk perspektiv på utvandringa frå eit bygdesamfunn på Vestlandet til Amerika i perioden 1837 til 1914. Vi følgjer enkeltpersonar og familiar frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei på mange måtar heilt ny verd. Boka er rikt kjeldebelagd og byggjer på ny forsking om utvandringsmotiv. Ho gir eit verdifullt tilskot til både lokal- og mentalitetshistorieforskinga.



Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side