Kjpt

ISBN: 9788243006850
Status: P lager
Utgivelsesår: 2012
Innbinding: heftet
  

Margit Løyland

Hollendartida i Norge

1550-1750
Kvifor er språket vårt så fullt av nederlandske ord og uttrykk? Og kvifor har så mange nederlandskproduserte gjenstandar funne vegen til norske heimar? Korleis kan det ha seg at så mange innbyggjarar i Norge har nederlandske etternamn, og at øyer og havområde i nord fekk nederlandske stadnamn?
Ved å sjå nærare på kontakten mellom Norge og dei nederlandske småstatane i perioden 1550–1750, finn Løyland svaret. Norske kvinner og menn søkte seg til dei nederlandske småstatane for å finne arbeid innanfor skipsfart, handverk og hushald. Hollendarane søkte også til Norge. Her fann dei etterspurde råvarer, og hollandske skuter frakta tømmer og trelast frå Norge og ut i verda lenge før vi fekk vår eigen handelsflåte. Dette har prega ettertida meir enn dei fleste er klar over.

Boka er rikt illustrert.


PRESSE
"Dei to landa var i krig med kvarandre, og England hadde i tillegg inngått allianse med kongen av Danmark-Noreg, som på den tida heitte Frederik III. Likevel retta garnisonen på Bergenhus kanonane mot engelskmennene. Det var ikkje tilfeldig.
Om bakgrunnen fortel historikar Margit Løyland grundig i boka "Hollendartida i Norge. 1550-1750". Inst i Vågen låg ein konvoi på 60 hollandske handelsskip. Garnisonen på Bergenhus kvidde seg for å retta skytset mot hollendarane. Kvifor? Jau, fordi dei var eit handelsfolk som hadde ført så mykje godt med seg til Bergen og resten av Sør-Vestlandet. Slaget enda med at engelskmennene rømde, og det var truleg like godt.
...
Det var også hollendarane som i stor grad lærde nordmennene til å bli eit sjøfarande folk, og la grunnlaget for den norske sjøfartsnasjonen.
Margit Løyland gir oss den første samla framstillinga av dette viktige hopehavet mellom Noreg og Nederland. Ho går grundig til verks, og tek vare på både det nederlandske og det norske perspektivet – pluss at ho ser på konsekvensar for vanlege folk. Boka er rikt illustrert."
Olav Kobbeltveit, Bergens Tidende
 
 


Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side