Kjpt

ISBN: 9788252173543
Status: P lager
Utgivelsesår: 2009
Innbinding: Innbundet
  

Sigmund

Sex under Hitler

Seksualitet og rasehygiene i Det tredje riket
Ikkje noko diktatur før Hitler hadde regulert sexlivet så mykje som nazistane gjorde. Alle midlar vart tekne i bruk for å auke den tyske befolkninga og den ariske rasen; salet av kondom vart stoppa, abort hadde dødsstraff og programmet Lebensborn skulle sikre dei talrike og sunne avkom.

Samstundes deltok nazileiarane i orgiar, gjerne med Førarens samtykke. Å gå på bordell var vanleg, samstundes som homoseksualitet og forhold mellom dei reinrasa og jødar sjølvsagt vart slått hardt ned på.

Den austerrikske historikaren og bestseljande forfattaren Anna Maria Sigmund har skrive eit svært fengslande og lett tilgjengeleg verk om seksualiteten i det tredje riket. Godt dokumentert får ho fram nokre av dei meir spesielle sidene ved nazi-Tyskland. Sigmund er kjent for trebindsverket om kvinnene til dei mest kjente tyske nazistane (Die Frauen der Nazis, I– III).

"Eit spørsmål som blei stilt i Det tredje riket, var: Mangla den kjære Føraren fullstendig både interesse for og evne til sex? Dette tabuemnet blei om ikkje ope, så iallfall heftig diskutert. Var det verkeleg slik Hitler sjølv og propagandaen forkynte? Var Germania den einaste kjærasten hans? Ville han la millionar av tyske kvinner leve i håpet om at dei ein dag skulle bli kvinna ved hans side? Og kvifor heldt han fast ved dette bedraget også som diktator? Folk skulle meir enn gjerne ha teke ein titt bak kulissane for å sjå om denne einsame ulven,til liks med alle dei andre kjende nazistane, hadde eit hemmeleg forhold. Men mange tvilte på det.
Ingen annan diktator i heile verda hadde så stor interesse og nysgjerrigheit knytt til seksuallivet sitt som Føraren.Då ein korrekt kledd Hitler viste seg på ei strand saman med Mussolini i badebukse, gjekk straks ein vits Tyskland rundt: «Adolf vil skjule den siste arbeidslause,mens Benito vil sjå ned på den siste opprøraren.» "


PRESSE
"[...] svært inspirert og kyndig historieskriving [...] fakta som vil både forbløffe og underholde [...] mer juicy enn årets Beevor, skulle jeg tro."
Torgrim Eggen, Klassekampen

"Anna Maria Sigmunds bok er en fengslende guide gjennom en hittil ganske uutforsket del av det nazistiske, mentale landskap."
(Terningkast fem), Sindre Hovdenakk, VG


Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side