«Jødeparagrafen»

Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget».

Slik vart siste del av paragraf 2 i Grunnlova – den såkalla «jødeparagrafen» – formulert på Eidsvoll i 1814. Paragrafen var omdiskutert allereie i Riksforsamlinga. Enkelte eidsvollmenn argumenterte sterkt imot fordi dei oppfatta at paragrafen var intolerant og illiberal.
 Eit stort fleirtal av eidsvollmennene gjekk likevel inn for paragrafen. For nokon vart forbodet mot jødar oppfatta som eit naturleg forsvarstrekk for eit liberalt styresett mot antatte farar skapt av autonomi og separatisme. Jødiske samfunn representerte ein stat i staten, blei det gjerne hevda. For andre var det viktig å bevare religiøs einskap i det nye sjølvstendige Norge. For mange var det snakk om gamle fordommar om griske og bedrageriske eigenskapar ved jødar. For atter andre igjen var det først og fremst frykt for uønska konkurranse i næringslivet.

Uavhengig av årsaken til formuleringa, var konsekvensen ei skjerping
 i politikken mot jødar i Norge. Heller ikkje før 1814 hadde jødar lov å reise til Norge. Men det var unntak. Ei spesiell gruppe av jødar, såkalla sefardiske jødar, var unntatt forbodet fordi dei vart sett som særleg ressurssterke og nyttige for det dansk-norske riket. Andre jødar kunne søke om leidebrev for å besøke Norge. Begge desse unntaka forsvann slik Grunnlova vart tolka i tida etter 1814 og utestenginga blei absolutt.

Det var få jødar som kom til Norge før 1814, og det etablerte seg aldri noko jødisk miljø her, slik det gjorde i både Danmark og Sverige. Men ei rekkje personar vart på ulike måtar utsette for paragrafen etter 1814, gjennom bortdriving, utvising, store økonomiske krav eller regelrett fengsling. I tillegg måtte fleire jødar søke om audmjukande leidebrev. Dei som møtte problem i møte med den norske statsmakta hadde dei fleste til felles at dei var her i merkantile ærend. Dei var handelsmenn, delvis i samarbeid med norske kjøpmenn, eller sjølvstendig omreisande næringsdrivande. Nokre var også omreisande artistar. Då leidebrevordninga vart tatt opp att på 1830-talet vart det først gitt til jødiske finansmenn som hadde ei nøkkelrolle i finanseringa av den norske staten. Seinare kom det også jødiske vitskapsmenn, intellektuelle og artistar som måtte søke om og fekk leidebrev.

Sjølv om paragrafen er godt kjent som ein berykta og pinleg del av Grunnlova, er kjennskapen til paragrafens virkningshistorie liten. Korleis vart den handheva i praksis? Korleis opplevde jødar som kryssa norskegrensa møtet med den norske statsmakta?
Er dei jødar?

I den komande boka Fridomens grenser 1814-1851. Handhevinga av den norske «jødeparagrafen» viser eg at paragraf 2 raskt vart aktualisert i Norge. Allereie hausten 1814 vart Grunnlova medvite tatt i bruk for å forfølgje og utvise jødar og personar som vart mistenkte for å vere jødar. Før Grunnlova var eit år gamal var minst ni personar utviste eller fordrivne på grunn av forbodet. Det byrja med to jødiske brør frå Danmark som i forvirringa i etterkant av den svenske invasjonen av Østfold kom dit. Ein av dei nådde seinare også Oslo.

Ved juletider fekk ein annan jøde som oppheldt seg i Oslo beskjed om at nærværet hans var i strid med Grunnlova. Alle hadde til felles at dei var komne i merkantile ærend. Utpå våren vart ein heil familie av omreisande artistar utvist frå Oslo. Eit anna døme på tidleg bruk av paragrafen fann stad i Bergen i slutten av 1814. Den 9. desember 1814 sende borgarrepresentantane i Bergen (borgarstanden sitt offisielle organ) ein klage til byrådet (Magistraten): «Hvad nytter os den ypperlige Constitution, som vore agtværdige Storthingsmænd have forskaffet os, naar den ikke bliver overholdt?» Dei sju utvalde representantane for borgarskapet viste til paragraf 2 i Grunnlova og forklarte at det «en Tid» hadde oppheldt seg «nogle fremmede Personer: Del Banco, Simon og en senere ankommen hos Glogau sig oppholdende Meyer, paa hvem mange af vore Medborgeres Mistanke hviler, at de virkelig ere Jøder, og mod hvis forblivende her man er yderst Opbragt [...]». Alle var unge handelsmenn frå ulike tyske område. Kort etter vart mistanken også retta mot endå ein tysk handelsmann.

I løpet av hausten var det altså blant delar av borgarstanden i Bergen oppstått mistankar om at det fanst jødar i byen. Med den nye Grunnlova i handa vart det reist krav om å undersøke om det verkeleg var tilfelle, «for at kunne berolige vore høystklagende Medborgere», som representantane skreiv.

Byrådet sende kravet vidare til
den overordna representanten for statsmakta i byen – stiftamtmannen
– saman med si støtte til kravet. Om det var tilfellet at jødar «skulle have indsneget sig heri Byen [bør de] for deres formastelighed vedbørlig blive anseet». To dagar seinare vart det også rykt inn eit anonymt opprop i byens avis mot jødar. Innsendaren viste til den «Koldsindighed» nasjonen hadde utvist i løpet av «mirakelåret» 1814 og appellerte til å ta den i bruk også når det galdt jødar:

Medborgere! Lad blot ikke denne Koldsindighed udarte til Flauhed! Dette gjør den, naar vi taalmodig finde os i, at døbte og udøbte Jøder omstreife og udsue de efter en langvarig Krig tilbageblevne Levninger af vor Velstand. De overvælde os med Overflødighedsvarer, hvorfor de tilsjakkre sig og udsende af Landet vort Guld og Sølv [...] og sees inden føie Tid forvandlede fra omstreiffende Schakkerjøder til Grossere, dette er unægtelig Tilfælde i vor Bye.




Innsendaren gjekk inn for at jødane «uden videre Omstændighed» skulle utvisast og tilbydde seg å bidra økonomisk til uttransportering.
Dette resulterte i ei større etterforsking av dei unge mennene under leiinga av byens politimeister – Johan Friele. Samtlege vart kalla inn til fleire avhøyr og alle hevda å vere kristne, sjølv om
to av dei forklarte at dei var fødde som jødar. Også andre i byen som politiet trudde kunne kaste lys over kva slags religion dei hadde vart kalla inn. Situasjonen vart openbart vanskeleg for dei mistenkte. Innan utgangen av januar 1815 hadde alle forlatt Bergen. Tre av dei valde sjølv å reise, medan den fjerde vart deportert av politiet.

Felles for alle desse sakene var at dei utløyste kraftfulle og konsekvente krav om handheving av paragraf 2 hjå sentrale styresmakter. Politidepartementet gav overfor lokale styresmakter klart uttrykk for at jødar ikkje på nokon vilkår hadde tilgang til riket, men måtte utvisast umiddelbart. Når det galdt sakene i Bergen og kva religion dei vedkjende seg til, vart bevisbyrden lagt på dei mistenkte. Ikkje berre kravde departementet ei streng og konsekvent handheving av paragrafen. Dei gav også lokale styresmakter både i Bergen og i Østfold reprimande for si lemfeldige praktisering av jødeforbodet.

Grunnlova parkert av statsbankerott
Heller ikkje i dei følgjande åra var paragrafen sovande, sjølv om det var forholdsvis få tilfelle der paragrafen vart tatt i bruk. Men konsekvensane for dei det galdt kunne bli store, og for nokre resulterte det også i fengselsstraff. Samtidig kunne statsmakta lukke auga for jødar når det berre var i staten si eiga interesse. Det var tilfelle i 1822 då to jødiske finansmenn slapp inn for å redde landet økonomisk. Dette året var den norske staten i praksis bankerott. Landet hadde forplikta seg til å betale sin del av den dansk-norske statsgjelda. Sommaren 1822 skulle Norge betale eit større beløp, men den norske statskassa var tom. Norges anseelse internasjonalt var i fare og Karl Johan trua med å innskrenke det norske sjølvstendet om dei ikkje betalte. Redninga vart lån frå det dansk-jødiske finanshuset Hambro. To gonger var Joseph Hambro i Norge og forhandla om statslånet, og begge gongene valde statsapparatet, med kongen og regjeringa i spissen, å oversjå at han var jøde. Politikken var å «ignorere hans Religion» så lenge ingen andre slo alarm. Det var det ingen som gjorde. Den prinsipielle handhevinga frå 1814-1815 var blitt avløyst av ein meir pragmatisk tilnærming til jødeforbodet.

Etter 1815 var det relativt sett få saker der framande vart mistenkte for å vere jødar. Det kan vere eit resultat av mindre nidkjær interesse sentralt i
å handheve utestenginga av jødar. På nyåret 1818 vart ein jøde igjen utvist frå Bergen. Saka var spesiell og har i ettertid symbolisert den brutale sida
av paragrafen. Ein jøde på veg mellom Austersjøen og England måtte som passasjer på eit skip søke nødhamn i Bergen. Han vart straks utvist av den same politimeisteren som nokre få år tidlegare fekk reprimande av sentrale styresmakter for manglande handheving av jødeforbodet. Også denne gongen fekk han reprimande, men no fordi han var altfor handlekraftig. Staten kravde også at han personleg skulle erstatte kostnadene ved deportasjonen. I 1820 slo Høgsterett fast at han var pliktig til det.

Også dei øvrige sakene fram til 1844 hadde opphav i initiativ hjå lokale styresmakter. Sentralt vart det ikkje lenger formidla strenge krav til handheving av forbodet slik som i 1814 og i 1815. Tvert om hadde forvaltninga sentralt først og fremst ei formildande rolle ved å redusere tildelte straffar, eller ved å føreta fortolkingar av regelverket i liberaliserande retning.

Les resten av artikkelen i magasinet Historieklubben presenterer 1814 som alle medlemmer mottar gratis i posten.





ISBN: 9788231900146
Status: I salg
Utgivelsesår: 2014
Innbinding: heftet
Magasinet Historieklubben presenterer. Tema: 1814
Utgave 1 2014
Spennende temanummer av klubbnens eget magasin. Vær med å fiere 200-års jubileet for Norges selvstendighet. Også denne gang inneholder magasinet en gratis bok i tillegg til en rekke spennende artikler.


Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side