Les utdrag fra Gunnerus-boka


Kapittel ein: Gunnerus og kongen (utdrag)



29. januar 1768 vart kong Christian VII nitten år. Den kongelege danske hoffkalendaren for året 1768 fortel at det ved Guds nåde var 5717 år sidan verda vart skapt og 2841 år etter kongeriket Danmark kom til verda ved Dan, den første kongen. Det var allereie to år sidan starten på regjeringstida til den unge kongen, «unsers Allergnädigsten Könings CHRISTIANUS VII in Dännemark, Norwegen etc». På kongens 19-årsdag noterte organisten og brannmeistaren i Trondheim, Johan Daniel Berlin (1714 -1787) at det var «Slud og vindigt». Veret var med andre ord heilt vanleg for årstida i denne nordlege hamnebyen i Danmark-Norge med noko over sju tusen innbyggjarar.
Men det var ikkje ein heilt vanleg dag på jobben for biskopen i Trondheim. For den snart femtiårige Johan Ernst Gunnerus markerte dagen høgdepunktet på den vitskaplege karrieren. Det vitskaplege selskapet han hadde danna saman med historikarane Gerhard Schøning og Peter Suhm åtte år før, hadde nemleg fått løyve av kongen til å bere namnet Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Selskapet hadde valt kongens fødselsdag til den høgtidlege markeringa av den nye statusen. Biskopen hadde sendt ut to assistentar for å invitere dei viktigaste innbyggjarane i byen til denne markeringa.

Etter ein prosesjon i byens gater fann sjølve festmøtet stad i selskapets forsamlingssal i Johan Daniel Berlin sin heim i Prinsens gate. I følgje Adresseavisens referat var det offentlege høgtidsmøtet innramma av musikk av Berlin, den allsidige verten som også leverte nøyaktige lister over veret og temperaturen i Trondheim til selskapets publikasjon Skrifter. Høgdepunktet på møtet var Johan Ernst Gunnerus sin tale med tittelen «Tale handlende om Nytten og Nødvendigheden af et Videnskabers Selskab i en Stat, i Særdeleshed i Norge».
Det var viktig for Gunnerus å understreke at dei ulike vitskapane, dei nye praktiske og dei etablerte teoretiske, saman utgjorde ein heilskap og var avhengige av kvarandre. Dei ulike vitskapsgreinene var alle nyttige for samfunnet og for staten. Den lærde biskopen hadde førstehandskunnskap om mange av dei omtalte fagfelta. I tillegg hadde han som norskfødt vitskapsorganisator også sterke eigeninteresser. Denne dobbeltheita gjer at talen framstår som eit vindu som kan gi ei unik oversikt over kva som var på gong i den nordiske vitskapshistoria i 1768. Men også at den, som i eit speil, viser fram Gunnerus sin vitskapelege profil og hans fagpolitiske prioriteringar. Men for at dette i det heile skal bli forståeleg, er det nødvendig å framstille dei historisk gitte rammene for Gunnerus sitt virke som embetsmann og vitskapeleg aktør.

Det dreier seg sjølvsagt i første rekke om forholdet til kongemakta. I brevet som gav vistkapsselskapet løyve til å framstå som eit kongeleg selskap, omtalte kongen den norskfødte leiaren av selskapet som den «Os Elskelig Doctor Theologiæ, Johannes Ernst Gunnerus, Biskop over Trondhiems Stift». Gunnerus sin programtale er også innramma av utsegn om kongemakta. Den startar med å presisere at festdagen er «Vor allernaadigste Konges Høie Fødsels-Fæst» og blir avslutta med ei oppfordring om at selskapet saman med alle danske og norske patriotar «i Dag og hver Dag» skal ønske «Kongen leve længe!».

Programtalen framstår som del av ein gjensidig utveksling mellom det lokale selskapet og kongemakta: Selskapet fekk lov å kalle seg kongeleg og kongemakta fekk løfte om at arbeidet skulle skje til beste for staten. Dette er slett ikkje den einaste gongen det er mogleg å registrere slike utvekslingar mellom kongemakta og den norskfødte undersåtten. Fleire av dei viktige hendingane i Gunnerus sitt liv var resultat av eit overraskande samspel med ei kongemakt som i utgangspunktet befann seg langt unna dei norske undersåttane sine liv.

Eit anna eksempel på ei slik utveksling fann sted i 1760. To år etter at Gunnerus kom til Trondheim som biskop, vart hundreårsdagen for innføringa av det arvelege eineveldet feira over heile riket. Som ein del av den storstilte feiringa vart Gunnerus saman med fleire andre frå ulike fagfelt, utnemnt til doktor. På høgtidsgudstenesta i domkyrkja i Trondheim preika den nyslåtte doktoren om Guds spesielle omsorg for det danske kongehuset og kvitterte på den måten for utnemninga. Gunnerus sin veg fram mot denne privilegerte posisjonen som biskop og leiar av eit kongeleg vitskapsselskap viser viktige sider ved forholdet mellom konge og undersåttar i det absolutte eineveldet si tid. Korleis kunne ein ubemidla norskfødt undersått som Gunnerus stige så høgt i gradane? For å kunne gjere karriere i det eineveldige standssamfunnet, var det nødvendig å bli lagt merke til, skaffe seg velyndarar og å få og halde på kongens gunst. Som vi skal sjå, gjorde Gunnerus alt dette etter boka. Fram mot det karrieremessige høgdepunktet i 1768 er det mogleg å observere korleis Gunnerus målmedvite framstilte seg slik at han kunne kome vidare oppover i dette samfunnet.




ISBN: 9788230401620
Status: I salg
Utgivelsesår: 2015
Innbinding: heftet
Gunnerus og nordisk vitskapshistorie


Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side