Ikke på lager.
Kan ikke bestilles

ISBN: 9788252175004
Status: På lager
Utgivelsesår: 2009
Innbinding: heftet
  

Johannes Martin Hennig

Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge

I mars 1944 blei forfattaren sendt til Nord-Noreg som medlem av eit kompani som skulle vakte over russiske krigsfangar mens desse arbeidde med å bygge veg og jernbane. Boka er redigert ut frå dagboka og brev han skreiv til kona og barna heime i Tyskland. Enkelte av breva vart aldri sendte, fordi dei kunne kvalifisere til dødsstaff for svekking av kampmoralen. Boka er illustrert med forfattarens eigne fotografiar.

Han fortel om dramatiske hendingar som flukt frå fangeleiren og tilbaketrekkinga frå Finnmark. Men først og fremst er notata ein personleg rapport frå krigskvardagen: det venskaplege forholdet til dei russiske krigsfangane, den daglege triksinga for å overleve, den praktiske kontakten med bygdefolket, bekymringa for familien heime i det utbomba Tyskland.

Gjennom Hennigs refleksjonar får vi eit unikt innblikk i korleis ein tysk menig opplevde krigen. Som representant for "herrefolket" såg han ned på russarane, samstundes som han hadde moralske kvalar overfor den tyske framferda. Ikkje minst gir notata eit spennande bilde av månadene etter frigeringa, der situasjonen var kaotisk og tidlegare vener plutseleg blei fiendar.


PRESSE

 
 


Om historieklubben
Kontakt oss
Medlemsbetingelser
Spørsmål og svar
Personvern
Slik handler du
Logg inn på Historieklubben
Gå til min side